Vindafjord Idrettslag
    Postboks 95
    5589 Sandeid

    postmottak@vindafjord-il.no

    Tlf: 918 88 688

    Kontonr. 3241.07.00017

    VIL- bussen

    Bussen er vraka sept. 2017.
    Ingen planar om ny.

    Smaller Default Larger

    Medlemskap i VIL – Noko for deg?

    Vindafjord IL har om lag 600 medlemmer med stort og smått.  Me er det største laget i kommunen saman med IL Skjoldar, og har aktiviteter innan fotball, ski, friidrett, volleyball og allidrett.  For bygdene Imsland, Vikedal og Sandeid er me den desidert viktigaste organisasjonen for aktivitet både blant barn, unge og vaksne. Positivt !

     

    Me har plass til mange fleire medlemmer, og det er mykje positivt som skjer på anleggsfronten. Me har kunstgrasbane på Sandeid, disponerer idrettshall i Vikedal, og det er god framdrift i planar om nytt arenahus på Fjellstøl ski- og friluftsanlegg, samt kunstgasbane i Vikedal.

    Som medlem i laget, anten som støttemedlem, familiemedlem eller aktiv, er du med og bidrar positivt til våre aktivitetar, og hjelper oss med å kunna oppretthalde og vidareutvikle fritidstilbud for alle aldersgrupper.

    Hvis du ikkje alt er medlem, ta kontakt med laget og få tilsendt informasjon for å bli ny medlem.  Me har plass til alle!  Og det er rimelig å vera medlem i VIL.

    VIL har i årsmøte 17.3.2016 vedtatt desse kontingentsatsane for 2017:

    Enkeltmedlem: kr 800,-
    Familiemedlemskap: kr 1500,-
    Støttemedlemskap: kr 250,-

    Dersom du ynskjer å bli medlem, eller har spørsmål om medlemskapet, send mail til

    This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller ring/send SMS til 918 88688.

     

    Oppgi kva type medlemskap du ynskjer, navn, e-postadresse, fullstendig postadresse og fødselsdato på den/dei som skal bli medlem. 

     

    (Ved familiemedlemskap er det fint hvis du kun oppgir ei e-postaddresse for ein vaksen "hovedmedlem", då vil kun denne få tilsendt felles faktura for heile familien.)

     

    Velkommen til Vindafjord Idrettslag !Smile

     

    Hovedsponsorar

                              

    E-post: postmottak@vindafjord-il.no tlf: 918 88 688